05.01.08
Eksamensførebuing
Klokka er stilt til sommartid, fuglane kvitrar, det er varmare i været og Fredric går i kortbukser, sikrare vårteikn enn desse, skal ein lete lenge etter. Men det er også meir som melder seg denne tida for dei som er lenka til skolebenken, nemlig eksamenstida.
Første eksamen ut er skriftleg nynorsk, noe som forklarar kvifor eg skriv på nynorsk. Det er eit stort pensum som skal lesast og mye som skal lærast, ikkje minst korleis ein skriv nynorsk. Mitt råd til korleis førebue seg til ein slik eksamen, vil vere og først setje seg godt inn i pensum ved hjelp av lesing og notering (på nynorsk sjølvklart!). Det vil nok ta noen dagar og kome gjennom heile pensum, men eg lovar det er verdt det når ein sit der dei siste dagane og kan lese på eigne notat framfor lærebøkene på nytt.
Neste steg vil vil vere å lære eigne notat, og diskutere pensum med medstudentar. Av erfaring veit eg at det er til stor hjelp, for ein har ulikt syn på mye og saman kan ein få meir ut av pensum enn ein ville fått aleine. Eg vil nok anbefale at ein brukar eit par dagar saman med medstudentar på å diskutere pensum. Parallelt med dette bør ein ikkje gi opp sjølvstudiet av pensum. Det er viktig at ein ofte les over eigne notat for å lære dei.
Neste eksamen for tur, er matematikk og pedagogikk, munnleg. Rådet eg har der er å diskutere, demonstrere og vurdere saman med medstudentar. Målet med ein munnleg eksamen, er ikkje at ein får 8 timar til disposisjon og skriv ned det ein hugsar. På ein munnleg eksamen får ein heile 25-30 minutt til disposisjon kor ein skal overtyde ein ukjent sensor og faglæraren sin, om at ein kan heile årets pensum på rams!
Ein bør nok notere litt i førebuingstida til munnleg eksamen også, for å få ei oversikt over pensum og mogelegvis for å ha notat dei første gongene ein prøver seg framfor tavla og medstudentane. Det som uansett er det viktigaste før ein munnleg eksamen, er å øve seg munnleg, enten ein vel å øva seg med eller utan notat.
Eg håpar desse eksamensførebuingstipsa kan vere til hjelp for noen! Med det vil eg ønskje alle lykke till på alle eksamenar!